Svarterabben
Om sangen
- Norsk trad. Overlevert Til Fargespill av Sigurd Rotvik Tunestveit
Tekst
Svarterabben skulle sta å køyre ved, kjerringa skulle truska
Nett so han kom med lasset i le, sunde så gjekk hass buksa
Mannen og merra ned i ei veit,
der låg no dei å ropte å skreik,
Ropte på Knut og Brite, kjerringa med te like
Knut og ho Brite, jente og dreng høyrde det tok te skrike,
La dei på døra alle som ein hunden med dei te like,
Somme med kjepp og somme med staur,
Krydde kring merra nett liksom maur,
Slepte og sleit og hala, alle med merra bala
Hundre og nitti vindespel, nye so laut te vera
Laga dei te å smurde dei vel, laut so åt veita bera
Alle vindespel i stykkje dei brast,
Der stod no dei endå alle like fast
Alt til der kom ei kjempe, bar på ei bør med lenkje
Kjempa ho kasta børa si ned so det i marki dondre
Treiv ho i merra nett so i eit kje, merra ho låg og stunde
Treiv ho i merra, gjorde eit kast,
Kasta ho opp på marki med hast
Der låg ho spent’ og sparka, rulla seg og grov opp marka
Svarterabben skulle gjeva kjempa brød, hundre og nitti leiva,
Sju smalafall og sju våge smør, og skinn utav seksten reina,
Tolv tynner rjóme, tolv tynner øl,
Tolv tynner skjyr og tolv tynner mjøl
Slire med kniv og belte – for det han merra hjelpte.
Lydfiler
- Kisten Bråten Berg – Svarterabben
- Alfred Maurstad – Svarterabben
- Svarterabben med Sigurd