Guten og folen
Om sangen
- Sangen av Odd Nordstoga og Øyonn Groven. Album Nivelkinn 2002.
Tekst
Sjå so stillsleg under lindi guten stend med folen sin,
slengjer armen ivi grindi,ser i hesteaugo inn.
Folen skjek sin svarte manke som mot blakke halsen skin,
rettar seg i led og skanke, glor i guteaugo inn.
Guten sille folen ride, sille leggja salen på; men den folen vild’kje bide, var vel ung til taum å få.
Folen då i bakkjen spende, bykste ivi holt og stein.
Guten etter honom rende ivi ufs og bekk og rein.
Folen riste av sin salen, guten fekk kje sleppe til,
og so blei han ør og galen, folen ikkje minder vill.
Jaga upp i skire villska, sprengde hekk og heng og gard,
remja upp i rame illska so det skrall i berg og skard.
Skreik so hardleg at det skræmde båe to i sama tid – til dei etter anden hæmde, frå den kvasse kappestrid.
Ja, dei stend og ser kvarandre i dei heite augo inn. Båe kjenner at den andre er som hin i hug og sinn.
Lydfiler
- Odd Nordstoga og Øyonn Grovev – Album Nivelkinn 2002.
- Fargespill forestilling 2018 – D eg E. Merk! Gutten og Folen kommer på 02:25 min.