Ole og Sissel tildelt pris

Kunstneriske ledere i Fargespill Ole Hamre og Sissel Saue ble i helgen tildelt Skjervheimprisen 2021 for sitt «nyskapande arbeid med Fargespill»! Les begrunnelsen her:

«Skjervheimprisen 2021 gjekk til Sissel Saue & Ole Hamre for sitt nyskapande arbeid med «Fargespill». Med eit brennande engasjement for å gje rom til livskrafta i musikken, oppdaga dei nye muligheiter for kommunikasjon og fellesskap som gjekk forbi språklege og praktiske barrierar. Dei inviterte barn og unge som var nye i Noreg til å utrykkja seg gjennom song, musikk og dans. I eit likeverdig samarbeid i Fargespill fekk desse barna og ungdommane ta i bruk det mangfald av ressursar dei hadde i seg til å skape noko nytt saman. Det er snart to tiår sidan denne vakre ideen vart sett ut i livet, og i dag er dette ei kunstnarisk arbeidsform som blomstarar i fleire deler av landet. I sitt iherdige arbeid med Fargespill har Sissel Saue og Ole Hamre i haldning og handling vist praktisk klokskap av framifrå kvalitet.»

Foto: Skjervheimseminaret